-

Plan for førebygging av omsorgssvikt og åtferdsvanskar – Sula kommune

Førebyggande plan, eit tiltak i barnevernsreformen

FORORD

I Sula kommune er vi forplikta til å skape gode oppvekstvilkår for våre barn og unge. Vi anerkjenner at ein trygg og stabil oppvekst er avgjerande for utviklinga av sunne og ressurssterke individ. Gjennom denne planen ønskjer vi å tydeleggjere vårt ansvar for å førebygge omsorgssvikt og åtferdsvanskar, samt å styrke det tverrfaglege samarbeidet rundt barn og familiar i kommunen.

Som ein del av det førebyggjande arbeidet er det viktig at vi samordnar våre tenester, slik at vi kan tilby heilskaplege og effektive tiltak. Barnevernslova § 15-1 understrekar kommunens ansvar for å ivareta barn og unges behov, og vi tar dette ansvaret på alvor. Vårt mål er å implementere tiltak som ikkje berre rettar seg mot symptoma på problem, men som også adresserer dei underliggande årsakene.

Sula kommune har sidan 2016 satsa på initiativet «Førebygge meir for å reparere mindre», som har resultert i styrking av helsestasjonstenester og etablering av lavterskeltilbod for barn, ungdom og familiar. Vi er også stolte av å vere ein BTI-kommune (Bedre Tverrfagleg Innsats), som gir oss eit solid rammeverk for tidleg innsats og intervensjonar når vi opplever uro rundt barn og unge.

Vår plan for førebygging av omsorgssvikt og åtferdsvanskar vil fokusere på tre nivå: universelt, selektivt og indikert. Dette gir oss moglegheita til å tilpasse tiltaka til ulike behov og risikofaktorar, og å sikre at vi når ut til dei mest sårbare gruppene i vår befolkning. Vi ønskjer å bygge våre tiltak på solid kunnskap om risiko- og beskyttingsfaktorar, og vi vil alltid ha barnet sitt beste i sentrum.

Vi er klar over at tidleg innsats er avgjerande, og vi må derfor satse på tiltak som fangar opp dei tidlege teikna på utfordringar. Ved å bygge kompetansen til våre tilsette i barnehagar og skular, og ved å sikre eit inkluderande og tilpassa pedagogisk tilbod, vil vi vere betre rusta til å møte behova til alle barn, inkludert dei som er i risikosonen.

Saman med våre samarbeidspartnarar, foreldre og lokalsamfunnet, vil vi arbeide for å skape eit miljø der alle barn og unge kan trivast, lære og utvikle seg. Denne planen er eit viktig skritt i retning av å sikre at ingen barn i Sula kommune fell utanfor, og at vi saman kan skape ein tryggare og meir inkluderande framtid for våre unge.

Vi ser fram til å implementere denne planen og til å jobbe saman for å styrke oppvekstvilkåra for alle barn og unge i Sula kommune.

Januar 2025,
Kommunedirektør Bente Glomset Vikhagen

Kommunen skal fremje gode oppvekstvilkår gjennom tiltak for å førebygge at barn og unge blir utsett for omsorgssvikt eller utviklar åtferdsvanskar. Kommunen skal også sørge for å samordne sitt tenestetilbod til barn og familiar, jf. Barnevernslova § 15-1 første ledd.

Det er kommunen som har ansvaret for det førebyggande arbeidet. Det betyr at kommunen sjølv må bestemme kva ansvar dei ulike tenestene i kommunen skal ha. Sula kommune har ansvar for å gje innbyggarane gode velferdstenester og å drive god samfunnsutvikling. Ein trygg oppvekst gir grunnlag for eit godt liv. Føresette og familien er viktigast for barn og unge sin oppvekst. For å kunne gje barn og unge eit godt utgangspunkt må vi arbeide saman, på gode og nye og berekraftige måtar framover. Gode oppvekst forhold og berekraftig samfunnsutvikling føreset god kvalitet på tenestene, og fokus på heilskap og samanheng.

Barnevernsreforma/oppvekstreforma trådde i kraft 01.01.2022 og gav meir ansvar til kommunane på barnevernområdet. Les meir om dette under «Bakgrunn».

Sula kommune har sidan 2016 hatt ei pågåande satsing kalla «Førebygge meir for å reparere mindre». I samband med denne satsinga har helsestasjonstenesta blitt styrka både med helsesjukepleiarar, tiltakskoordinator og stilling med særleg fokus på ungdom, psykisk helse og rus. Det er også oppretta stilling som ungdomslos og Tiltakseining for barn og unge har over tid jobba fram ulike førebyggande og helsefremjande tilbod til barn, ungdom og foreldre (lavterskeltilbod)

Sula kommune er BTI-kommune (betre tverrfagleg innsats). Tilsette i kommunen som møter gravide, barn, unge og deira familiar, har eit felles rammeverk med tilhøyrande verktøy, som skal støtte dei i arbeidet med å handle når dei kjenner på uro. Nivå 0 og 1 i BTI-rettleiaren skal bidra til god struktur på arbeidet med tidleg innsats i barnehagane og skulane, og nivå 2 og 3 gir retning og struktur på tverrfagleg innsats og samarbeid.

Førebyggande plan skal primært handle om førebygging på Universelt nivå (for alle) og Selektivt nivå (for risikogrupper), men den kan også handle om Indikert nivå (for individet). Sula kommune har valt å beskrive korleis kommunen jobbar førebyggande på alle desse tre nivå og er ein del av kommunen si BTI-satsing (Betre tverrfagleg innsats). Indikert førebygging er lågterskeltilbod av kort varighet og handlar ikkje vedtaksbaserte tiltak. 

Barnevernsreforma/oppvekstreforma sitt fokus på å styrke det førebyggande arbeidet og tidleg innsats, samsvarer godt med BTI handlingsrettleiar som har ei klar forventning om at alle tilsette som møter gravide, barn, unge og familiar skal jobbe strukturert og handle kunnskapsbasert, i dialog med både leiing, kollegaer, samarbeidspartar, føresette og barn/ungdom. Ein skal også få samtykke til å opprette digital Stafettlogg for å dokumentere og strukturere tidleg innsats i barnehage og skule, samt det tverrfaglege samarbeidet.

Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis og skulane sitt kollektive utviklingsarbeid, støtter opp under oppvekstreforma og er eit viktig bidrag inn i den førebyggande planen. Å hjelpe barn til betre språk, meir læring og meir sosial trening bidrar til førebygging og inkludering, og aukar beskyttelsen. Tilsette i barnehagar og skular skal ha kompetanse til å førebygge utanforskap, fange opp utfordringar og gi eit inkluderande og tilpassa pedagogisk tilbod til alle, inkludert dei som har behov for særskilt tilrettlegging. Målet er at alle barn og unge skal oppleve eit godt tilpassa og inkluderande tilbod i barnehage og skule. Sula kommune er ein del av ReKomp (regional ordning for kompetanseutvikling i barnehagen) og DeKomp (desentralisert ordning for kompetanseutvikling).

Endringer og nye bestemmelser i 14 velferdslover gjeld mellom anna samarbeid og samordning. Saman med nasjonal rettleiar Samarbeid om tenester til barn, unge og deira familiar skal det bidra til å styrke oppfølginga av utsette barn, unge og deira familiar.

Vi skal sette dei risikoutsette barna og familiane deira i sentrum og bygge tenestene rundt barnet og familien. Vi bygger planen på kunnskap om risiko- og beskyttelsesfaktorar, noko som gir betre prediksjon enn å sjå på barnets symptom (Kvello, 2015). Kommuner som baserer tidleg innsats på symptomvurderingar, vil gleppe på omtrent halvparten av dei mest risikoutsette barna i dei fire til seks første leveåra (Kvello, 2023). Det meste av førebygginga må skje innan barnet er 10 år, og vi må satse enda meir på innsatsen mot dei miste dersom vi skal følgje intensjonane i barnevernreforma.

Førebygging er å styrke beskyttelsesfaktorar og redusere risikofaktorar. Planen vil bidra til å sikre at kommunen har oversikt over om det er etablert nødvendige tiltak på universelt nivå – for alle,  selektivt nivå – for nokre grupper og indikert nivå – for individet.

Presentert for Mellombels utval for levekår og heilskapleg styring 27.01.2025
Vedtatt av Kommunestyret 05.02.2025

Barnevernsreforma trådde i kraft 01.01.2022. Reforma flytter meir ansvar til kommunen på barnevernsområdet, og den skal bidra til å styrke det førebyggande arbeidet og tidleg innsats i heile oppvekstsektoren. Det er innført eit krav om at kommunestyret sjølv skal vedta ein plan for kommunen sitt arbeid for å førebygge omsorgssvikt og åtferdsproblem. Dette kravet bidrar til ein overordna forankring av det førebyggande tilbodet og fordelinga av kommunen sine ressursar til dette arbeidet. Det vil også vere eit viktig verktøy for å sikre forpliktande og systematisk innsats for å legge til rette for heilskaplege tenester.

Tidleg innsats er først og fremst ei investering i innbyggarane sin velferd, men er også rekna som ei investering som kan spare kommunen for meir inngripande og kostbare tiltak seinare.  Sula kommune har jobba fram ei Heilskapleg innsatstrapp som gir felles strategisk og fagleg rammeverk for berekraftig utvikling. Målet med innsatstrappa er å dreie ressursane mot meir eigenmeistring og førebyggande tiltak, for å møte innbyggjarane sine behov på lågast mogleg innsats/trinn.

Krav om plan for førebygging av omsorgssvikt og åtferdsproblem

Som en del av Barnevernsreforma er det lagt inn følgande lovkrav i Barnevernslova §15-1;

«Kommunen skal fremme gode oppvekstvilkår gjennom tiltak for å forebygge at barn og unge utsettes for omsorgssvikt eller utvikler atferdsvansker. Kommunen skal sørge for å samordne sitt tjenestetilbud til barn og familier.  
Kommunestyret sjølv skal vedta en plan for kommunens forebyggende arbeid etter første ledd. Planen skal beskrive hva som er målene for arbeidet, hvordan arbeidet skal organiseres og fordeles mellom etatene i kommunen, og hvordan etatene skal samarbeide».  

Lovdata

Denne planen er den første Sula kommune har utarbeidd og gir oversikt over tiltak og tilbod som bidrar til førebygging, og korleis tenestene samarbeider om dette. Planen føreset innsats frå alle som er i kontakt med gravide, barn, unge og familiar i Sula kommune, uavhengig av sektor eller eining/tenesteområde.

I plan for førebygging er det ein gjennomgåande tanke at dess tidlegare innsats dess betre effekt får vi av ressursane vi nyttar.

Sula kommune si Kultur – og oppvekstsektplan 2022 – 2032  beskriv at sektoren «skal gi barn og unge kompetanse og ferdigheiter, slik at dei kan meistre livet og kunne delta i arbeid og fellesskap i samfunnet». Den seier vidare at «Vi må derfor ha gode universelle tenester, som alle barn og unge skal ha tilgang til, og kunne gi ekstra støtte til dei som treng det, i kortare eller lengre periodar av livet. Dette forutsett at vi har tilsette med høy fagkompetanse, er i kontinuerleg utvikling, er fleksible og har evne og vilje til samarbeid og samordning».

Vi førebyggjer framfor å reparere

Måla i barnevernsreformen blir berre oppnådd gjennom endringar i heile oppvekstsektoren, og i samarbeid med resten av kommunen. Det er ein ambisjon at ressursar skal bli flytta til lavterskelnivå og på sikt redusere andel barnevernstiltak, inkludert plassering utanfor heimen. Dette samsvarer også med intensjonen i tidlegare omtalt heilskapleg innsatstrapp.

Sula har sterkare befolkningsvekst enn fylket og landet, og andel barn i alderen 0-5 år er høgare i Sula enn snittet for landet og fylket. Som elles i landet planlegg ein for eldrebølge samtidig som det er behov for styrking av tiltak på dei lågaste trinna på innsatstrappa. Sula kommune er i gong med å greie ut behov og moglegheita for å etablere eit team beståande av dedikerte tiltaksstillingar som skal gi tilbod om både gruppe- og individuell oppfølging for barn, unge og familiane deira. Teamet vil i stor grad følge opp individsaker på indikert nivå, men også drifte lavterskeltilbod på selektivt nivå.

Jfr. Kunnskapsgrunnlag for samfunnsplan (2024)

  • Folkehelseprofilen for 2023 viser at Sula ligg på landsnivået eller
    over på dei fleste indikatorar.
  • Antal personar og barn som lever i vedvarande låginntektsfamiliar
    ligg noko lågare enn samanlikna med fylket og landet.
  • Elevundersøkinga viser at elevane i 7. trinn opplever at dei får
    god støtte frå lærarar og heimanfrå. Trivsel, motivasjon og meistring
    har gått noko ned.
  • Det er ei høg grad av mobbing, også digital mobbing, i Sula.
    Kommunen ligg godt over landssnittet.
  • 16,5 prosent av innbyggarane i yrkesaktiv alder står utanfor
    arbeidslivet.
  • 12,6 prosent av befolkninga er innvandrarar.
  • Utgiftsbehovet knytt til helse og omsorg er venta å stige med
    25 prosent frå 2022–2032.
  • Det er behov for å ha eit sterkt fokus på førebyggande arbeid
    og tidleg innsats for å dempe eller utsette behovet for helse- og omsorgstenester.

Informasjon henta frå kommunen si Folkehelseoversikt 2024 – 

  • Det er færre unge mellom 15 – 29 år i Sula som står utanfor arbeid, utdanning og opplæring, samanlikna med heile landet og fylket. Talet har vore minkande frå 2018 til 2022.
  • Andel barn 0 – 17 pr med barnevernstiltak ligg for Sula på snitt med landet og fylket. Talet har vore minkande frå 2018 til 2023.
  • Andel barn som får spesialpedagogisk hjelp har i Sula vore synkande frå 2022 og er på snitt med både landet og fylket.

Spesialundervisning/individuell tilrettelegging i skule –

Andel elevar som fekk spesialundervisning/individuell tilrettelegging har auka noko, og skuleåret 2023/2024 var andel om lag som for fylket og litt høgare enn landet.

Kapasitet og kompetanse i grunntenestene og hjelpetenestene –

På grunn av overgang til nytt fagsystem frå november 2023 blei ikkje alle tall/verdiar tilgjengeleg for Sula i kommunemonitor. For 2022 var andel barn med barnevernstiltak ifht innbyggjarar i aldersgruppa 0 – 17 år både på nivå med landet og fylket, og barn som bodde utanfor heimen var også på nivå med landet og fylket. I 2022 var det ein nedgang samanlikna med tidlegare år då Sula låg høgare enn både fylket og landet.

Sula kommune har jobba systematisk med styrking av helsestasjonstensta og oppretting av lavterskeltilbod via satsinga «Førebygge meir for å reparere mindre», samt innført BTI-rettleiar for å sikre tidleg og systematisk arbeid ved uro for gravide, barn, unge og familiar. Desse satsingane har ein tru på er medverkande årsak til den markante reduksjonen av barnevernstiltak. Etablering av TIBIR (Tidleg innsats for barn i risiko), oppfølging av Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis, samt vidare implementering av BUHT (barn og unges helsetenester) vil bidra til ei ytterlegare styrking av både kompetanse og systematikk.

Sjølv om det har vore nedgang i antall barn med barnevernstiltak så betyr ikkje det at andel barn og familiar med hjelpebehov har minka. Behovet for oppfølging og tiltak i helsestasjonstenesta, barnehagane og skulane er like store, om ikkje enda større enn tidlegare. PPT har over år hatt auke i tilviste barn og elevar, saman med stor etterspurnad etter systemarbeid. Det same gjeld for andre tenester som møter barn, unge og familiar i Sula kommune. Dette indikerer at det er behov for å jobbe vidare både med systematikk i arbeidet til den enkelte tilsette, styrking av kompetanse og samordning.  Dei økonomiske rammene i skulane er knappe. Det er fare for at vi er blitt gode på å identifisere vanskar, men ikkje har nok kapasitet til å følge opp. Sula-skulen driv nest billigst i landet og det vil naturleg ha følger for kva handlingsrom skulane har for innsats på dei tre førebyggande nivåa. Flyktningebarn og familiar skal inkluderast og bli sikra aktiv deltaking i sosiale fellesskap. Barnehageplass og skuletilhøyre er dei viktigaste tiltaka for å lukkast med dette.

Det siste året har radikalisering blitt eit aktuelt tema og kommunen treng å få på plass radikaliseringskontakt både for barn/unge og vaksne.

Sula kommune har tilsett kommunepsykolog, men den jobbar i hovudsak klinisk med dei over 18 år. Det er meldt behov for å styrke tenestetilbodet til gravide, barn og unge med psykolog knytt til helsestasjonstenesta.

Finansiering av førebyggande tiltak

Helsestasjonstenesta har ei stilling som per oktober 2024 er delvis finansiert av tilskot frå Helsedirektoratet. Dette er midlar vi må søke om årleg og dersom kommunen ikkje får tilskot frå 2025 vil det verte ei utfordring for kommunen å halde oppe fleire av dei gode førebyggande tiltaka som er sett i verk.

Førebygging

Førebygging handlar om å styrke beskyttelsesfaktorar og redusere risikofaktorar, for å unngå at noko uønskt skal skje. Det kan vere sosiale problem, sjukdom og død.

Dette overlappar med helsefremjande innsats og tiltak som handlar om å styrke livskvalitet, trivsel og evne til å meistre utfordringar og belastningar i dagleglivet.

I denne planen vel Sula kommune å kategorisere førebygging i tre nivå;

  • Universell førebygging omfattar innsats retta mot heile befolkningsgruppe utan at en har identifisert individ eller grupper med forhøya risiko.
  • Selektiv førebygging er tiltak retta mot grupper med kjent og/eller forhøya risiko for å utvikle problem.
  • Indikativ førebygging er tiltak retta mot individ med høy risiko eller klare teikn på problem.

Denne kategoriseringa kan bidra til at det er enklare å orientere seg i kommunens tilbod og sjå på hva nivå kommunen har hovudvekt av sine tilbod.

Førebygging av omsorgssvikt og utvikling av åtferdsvanskar er eit kontinuerleg og langsiktig arbeid. Det kan vere utfordrande å måle positiv effekt av førebyggande tiltak, men det betyr ikkje at det ikkje verkar. Sjølv universelle førebyggande tiltak har innverknad på barn og unges utvikling, trivsel og sårbarheit gjennom heile oppveksten.

Jo tidlegare i livsløpet ein lykkast med å oppnå ein jamnare fordeling av ressursar og moglegheiter, desto større er sjansen til å påverke morgondagens forskjellar i helse og oppvekstvilkår.

Kommuner som baserer tidleg innsats på symptomvurderingar, vil glippe på omtrent halvparten av dei mest risikoutsatte barna i dei fire til seks første leveåra (Kvello, 2023).

Oversikt over Beskyttelsesfaktorer og Risikofaktorer (KoRus)

Samordning

Frå 1. august 2022 ble det gjort endringar i 11 velferdstenestelover. Samarbeidsbestemmelsene i velferdstenestelovene er eit forsøk på løyse komplekse utfordringar som går på tvers av ulike ansvarsområde, såkalla gjenstridige problem, og kommunen sitt ansvar for at den enkelte tenestemottakar får eit samordna tenestetilbod blir gjort tydeleg gjennom lovendringane.

Det er utarbeida nasjonal rettleiar Samarbeid om tjenester til barn, unge og deres familier – Helsedirektoratet.  Det er kommunen, ikkje den enkelte kommunale teneste som har en samordningsplikt. I mange høve er det klart kva for velferdsteneste som har ansvar for å samordne tenestetilbodet, til dømes når ei teneste har mest å gjere med barnet eller ungdommen. Barnet/ungdommen skal få moglegheit til å uttrykke sitt syn om kva teneste som skal samordne i deira sak. Vurderinga bør vere basert på en konkret vurdering av kva som er til det enkelte barns beste, og tenestene bør legge vekt på kva barnet og foreldre meiner. Samordningsplikten endrar ikkje den enkelte teneste sin beslutningsmyndigheit i faglege spørsmål.

Sula kommune er BTI-kommune. Handlingsrettleiar (BTI-rettleiar) og samhandlingsmodell beskriv samarbeid og samordning på individnivå, tenestenivå og kommunenivå.

Omsorgssvikt

Barn har rett til en oppvekst med trygge rammer, men ikkje alle vaksne klarer å gi den omsorgen og tryggleiken barn treng heime. Omsorgssvikt kan utarte seg på ulike måter og det finst ingen uttømmande liste som viser alt som kan vere skadeleg for barn.

Bufdir (Barne, ungdoms og familiedepartementet) har lista opp fire hovudområde som ein kan lese meir om ved å følge lenka.

  1. Når barnet ikkje får dekt sine behov
  2. Foreldre sine eigne utfordringar
  3. Meistrer ikkje grunnleggande omsorg
  4. Meistre barn med særskilde behov

Tall frå fagsystemet i barnevernstjenesten i Sula kommune, viser at per 11.11.24 har 112 av 136 bekymringsmeldingar omhandla bekymring for omsorgssvikt.

Åtferdsproblem

Atferdsproblem kan komme til uttrykk på ulikt vis, men beskrives av ulike faginstanser med kjennetegn som ulike former for regelbrytende- eller utagerende atferd. Atferden gjentas over tid og er tydelig utenfor det som vurderes som sosialt akseptabelt. Barne- og ungdomsårene er preget av store følelsesmessige og sosiale endringer og det er særlig i disse årene at atferdsvansker kan oppstå. Oppfølgingsstudier viser at tidlige atferdsvansker hos barn utgjør en risikofaktor for mange psykiske, fysiske og sosiale problemer blant ungdom og voksne (Folkehelseinstituttet 2020).

Tall frå fagsystemet i barnevernstenesten i Sula kommune viser at per 11.11.24 har 23 av 136 bekymringsmeldingar omhandla bekymring for åtferdsproblem (rusmisbruk, åtferd, kriminelle handlingar, relasjonsvanskar). Barneverntenesta i Sula undersøker langt fleire saker knytt til bekymring for omsorgssvikt enn saker som omhandlar åtferdsproblem.

Mål

Sula kommune si Kultur- og oppvekstplan har fem satsingsområde for planperioden 2022-2032;

  1. Barn og unge skal ha ein oppvekst som fremjar helse og inkludering, reduserer sosial ulikskap og dei skal motiverast til videre utdanning.
  2. Barn, unge og familiar som treng det skal få tidleg oppfølging og koordinerte tenester.
  3. Medbestemming og medverknad.
  4. Føresette gir barn og unge ein trygg og god oppvekst.
  5. Alle har kompetanse og ferdigheiter til å møte krav i framtida.

Desse måla støtter opp under måla både for Oppvekstreforma, Kompetanseløftet og endringar i Velferdslovgivinga, og er tett knytt opp mot førebyggande arbeid.

Store delar av det førebyggande arbeidet for barn og unge i Sula kommune er organisert i kommunalområdet Oppvekst og kultur;

«Læringsreisa” er nytta som metafor i kommunalområdet og skal bidra til felles forståing og samla fokus for utviklings- og kvalitetsarbeidet.  

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet (2013) skriv mellom anna at førebygging retta mot barn og unge først og fremst handlar om å legge til rette for et godt oppvekstmiljø for alle og at godt førebyggande arbeid krev at vi startar tidleg, og tenker og handlar langsiktig. Videre vises det til at lokalsamfunn og fritidstilbod er viktige arenaer for førebygging for barn og unge. Forskning har vist at det er en betydeleg overrepresentasjon av sosioøkonomisk marginalisering for familiar med barnevernstiltak. Dette gjeld for levekårsindikatorar som andel aleineforsørgarar, antall barn i husholding trangboddheit, eigarforhold, mottak av sosialhjelp og hushaldningsinntekt (NTNU 2021). Ei satsing innanfor disse områda bidrar også i å forebygge omsorgssvikt og åtferdsvanskar.

Organisering

Hovuddelen av det førebyggande arbeidet for barn og unge er i Sula kommune organisert i kommunalområdet Oppvekst og kultur, men nokre tenester er ligg til kommunalområdet Helse og meistring. Barnevern, ppt, helsestasjon og kultur er samorganisert med barnehagane og skulane i Oppvekst og kultur. Meir informasjon om organisering og detaljerte organisasjonskart på Sula kommunes heimeside.

Sula kommune er BTI-kommune (betre tverrfagleg innsats) og det er utarbeida både Samhandlingsmodell og Handlingsrettleiar (BTI-rettleiar).

Samhandlingsmodell synleggjer korleis vi jobbar i kommunen for at alle skal ha eit trygt og godt oppvekstmiljø. Då er førebygging, barnets stemme, tidleg innsats, brukarinvolvering og tverrfagleg samhandling avgjerande. Modellen viser korleis vi skal jobbe på tvers av tenester og nivå for å sikre rett hjelp til rett tid.

BTI-rettleiar gir alle tilsette felles rammeverk for korleis ein skal handle ved uro for gravid, barn, ungdom og familiar, på indikert nivå. Den viser også kor ansvar er plassert og fordelt mellom tenestene, samt gir innbyggjarar og samarbeidspartar innsikt i korleis dei kommunale tenestene skal jobbe.

BTI-portalen gir mellom anna samla oversikt over

  • BTI-rettleiar (handlingsrettleiar)
  • Samhandlingsareaner i Sula kommune
  • Samhandlingsmodell på tre nivå
  • Barn og unges helsetenester (BUHT) med tydelege og avtale ansvarsroller knytt til 7 samhandlingsforløp

Tilsette som jobbar i tråd med BTI og BUHT har god kjennskap til eige og andre sitt ansvarsområde.

I dette kapittelet blir tilbod og tenester som bidrar til å førebygge omsorgssvikt og åtferdsvanskar beskrive. Nedanfor er det lenka til skjema som er bygd opp etter kategoriane universell, selektiv og indikativ førebygging. Det er berre tenester som inngår i ein fast systematikk og struktur, og som er knytt til gravide, barn eller foreldrerolla som blir presentert. Tiltak som støtter vaksne generelt er ikkje omtalt.

Oversikta beskriv ikkje vedtaksbaserte tiltak mot identifiserte vanskar, til dømes spesialpedagogisk hjelp og barnevernstiltak.

Tiltakskoordinator har eit særleg ansvar for å koordinere Lavterskeltilbod til barn, ungdom og foreldre – Sula kommune. Desse tilboda er inkludert i oversikta nedanfor.

Universell førebygging

Retta mot heile befolkningsgruppe utan at ein har identifisert individ eller grupper med auka risiko.

Oversikt Universell førebygging versjon 121124

Selektiv førebygging

Retta mot grupper med kjent og/eller høgare risiko for å utvikle problem.

Oversikt Selektiv førebygging versjon 121124

Indikativ førebygging

Retta mot individ med høy risiko eller klare teikn på problem.

Oversikt Indikativ førebygging versjon 121124

 

Tilbod utanfor Sula kommune

I tillegg til dei kommunale tilboda finnes det mange tilbod som førebygger omsorgssvikt og åtferdsvanskar i regi av stat, fylkeskommune, sjukehus, politi, frivilligheit og ideell sektor. Av statlege tilbod kan ein nemne Familievernkontoret Sunnmøre, Konfliktrådet Møre og Romsdal og Statens Barnehus. Fylkeskommunen har fleire tilbod knytt til de vidaregåande skulene, mellom anna Oppfølgingstenesten (OT). Barne- og ungdomspsykiatrien (BUP) yter barne- og ungdomspsykiatriske tenester etter henvisning. Politiet samarbeider tett med fleire kommunale tenester og kan mellom anna innkalle ungdommar og deira føresette til ein bekymringssamtale. Røde Kors har gratis open barnehage kvar torsdag kl. 08.30 – 14.30.

Ta kontakt med einingsleiar Tiltakseining for barn og unge, via Sikker post til kommunen (eDialog) – Sula kommune, dersom du har informasjon om anna som bør bli omtalt.