-

Oversikt over samhandlingsarena

Ved å bruke BTI-rettleiaren skal alle tenestar som jobbar med barn, unge og deira familiar bli betre til å samhandle. Under har vi samla ulike typar samhandlingsarenaer:

Alle barnehagar og skular gjennomfører faste samtalar med føresette/barnet/ungdommen 1-2 gonger per år. Slike samtalar kan også gjennomførast ved akutte behov. Det er pedagogisk leiar og kontaktlærar som har ansvar for at dei blir gjennomført.

 

Når ein tilsett er uroa for eit barn eller ungdom og det er bestemt at ein skal ta saka vidare, skal føresette/barn/ungdom inviterast til ein samtale for å avklare om det er grunn til vidare oppfølging.

Les meir om førebuing og gjennomføring av samtalen i BTI-rettleiaren under Nivå 0- Del uroa med føresette/barnet

Når det er avdekka behov for tiltak rundt eit barn eller ungdom skal stafetthaldar kalle inn til eit første møte med føresette/barn/ungdom. Stafetthaldar er som regel frå barnehage, skule eller helsestasjon, men kan det kan også vere frå PPT eller barnevern.

I dette møtet definerer ein saman problemstillinga, og vert samde om konkrete mål og tiltak. Det skal opprettast ein stafettlogg.

Les meir om dette i Nivå 1 steg 2

Treffpunkt mellom ulike tenester der ein som tilsett kan drøfte saker, med samtykke eller som NN-sak, før ein går vidare med ei uro.

Døme:

  • Faste møtedagar mellom ppt og skule
  • Uformelle møter (ringe ved behov)

Ei samarbeidsgruppe blir oppretta når fleire fagpersonar frå ulike tenester blir involvert for å samarbeide rundt eit barn.  Det er laga ei rutine for dette, og tilsette i kommunen kan sjå den her

Tverrfagleg møte der foreldre er ein viktig samarbeidspart. Møta skal ha eit løysingsorientert fokus og ei målsetting om å rettleie foreldre/føresette og fagpersonar så tidleg som mogleg, medan utfordringane framleis er små.

Målgruppa er barn og ungdom frå 0-16 år. Både ungdom, foreldre/føresette og fagpersonar i og utanfor kommunen kan ta initiativ til å bestille tid i SamBa-møte.

Teamet er sett saman av tilsette frå fagområda helsestasjon, barnevern og ppt, samt tilsette ved aktuell skule. Føresette deltar på møtet. Barnet/ungdommen kan også delta om det blir vurdert som aktuelt. Det er viktig å involvere barnet/ungdommen i den grad det er aktuelt ut i frå alder og situasjon.

For meir informasjon les her.

Dersom det oppstår akutt behov kan skulen be om møte med TBU konsultasjonsteam. Akutt behov er plutseleg endring/funksjonsfall i åtferd.

Tilbodet gjeld også ved bekymringsfullt skulefråver der saka hastar slik at ein ikkje kan vente på oppsett SamBa-tid for den aktuelle skulen.

Konsultasjonsteamet er ein arena for å få drøfte skule, fritid, livssituasjon, og utarbeide ein koordinert plan.

Teamet består av fagleiarar ved helsestasjon, barnevern og ppt, og bistår med råd og rettleiing, samt vurdering av eksisterande tilbod som kommunen har oppretta for barn og familiar. Tilsette ved aktuell skule og føresette deltar på møtet. Barnet/ungdommen kan også delta om det blir vurdert som aktuelt. Det er viktig å involvere barnet/ungdommen i den grad det er aktuelt ut i frå alder og situasjon.

Tilsette finn rutine her og samtykkeskjema her

Barn og unge med behov for langvarige og koordinerte tenester har etter lov om helse- og omsorgstenesten rett på å få utarbeida ein individuell plan(IP). Med behov for koordinerte tenester meiner ein at behovet må gjelde to eller fleire helse og omsorgstenster og at tenestane skal sjåast i samanheng. Det er koordinerande eining som behandlar søknadar på dette. For dei som får innvilga søknad om IP, blir det oppretta ei IP-gruppe med ein ansvarleg koordinator.

Ein kan også ha rett på IP etter andre loveverk. Meir informasjon om dette finn de i prosedyra her og på heimesida. Meldeskjema til koordinerende eining finn de her.

Av og til kan tenestene rundt ein brukar ha behov for for å drøfte saka utan at brukar er til stades. Det kan til dømes gjelde fordeling av oppgåver og ansvar. Dette må kun skje med samtykke frå føresette, og stafettholdar /koordinator må sørge for at det blir gitt tilbakemelding til føresette etter møtet.

Rutine er under arbeid