-

Uro for barn og unge

Kva kan ei uro vere?

Om vi er foreldre, føresette, naboar, vener eller om vi jobbar med barn og unge, vil mange av oss i løpet av livet kome i situasjonar der vi ser eller høyrer noko som får oss til å kjenne på ei uro for eit barn eller ein ungdom. Det kan også vere uro for eit ufødd barn.

Det kan vere små eller større teikn, som at  barnet/ungdommen:

  • sliter litt med lesing eller skriving
  • ikkje trivst på skulen eller i barnehagen
  • strevar med å få seg vener
  • vegrar seg for å ete
  • gjer seg dårleg forstått
  • har eit spesielt usunt kosthald
  • mobbar eller plagar andre
  • manglar nokre ferdigheiter som ein normalt kan forventa i ein gitt alder (t. d. symje, sykle, kle seg)

Les meir om uro for barn her og her.

Det kan også vere noko ved foreldre som gjer oss urolege for deira evne til å vere omsorgspersonar, som til dømes at dei

  • i stor grad lar andre hente og levere i barnehagen
  • ikkje overheld avtalar
  • luktar alkohol
  • verker likegyldige til eiga framtoning
  • vert opplevde som særskilt usikre, irritable eller sårbare

For andre teikn les her.

Du er første steg mot ei løysing

Signala som gjer ein uroleg kan vere veldig ulike, dei kan vere vage, diffuse og vanskelege å tyde. Mange kan då bli usikre og tenke; Har eg observert rett? Skal eg risikere å lage «ei stor sak» ut av ein bagatell? Bør eg dele uroa mi med andre?»

Svaret på det siste spørsmålet er JA.

Som medmenneske skal vi bry oss og ta tak i denne uroa!

Som kommunalt tilsett har du plikt til å ta tak i uro. Ein skal ikkje avvente eller stole på at nokon andre vil fange opp det som vi ser. Kanskje er det berre nettopp du som ser barnet/ungdommen?

Gode hjelpemiddel

Når ein skal ta tak i uro ein kjenner på er BTI-rettleiaren eit godt hjelpemiddel. Den innheld ei oppskrift på korleis ein skal gå fram for å få avklart om det er grunnlag for å handle vidare med uroa ein kjenner på. Den inneheld også ei rekke konkrete verktøy ein kan bruke for å definere uroa. 

I utgangspunktet er rettleiaren og dei tilhøyrande verktøya primært tiltenkt til bruk i dei kommunale tenestene. Men også privatpersonar kan nytte dei. Fleire av dei kan hjelpe deg med å sette ord på og definere uroa du opplever som: