-

Tiltak og tenester for barn og unge i kommunen

Her finn du ei kort skildring av utvalde tenester og tiltak retta mot barn, unge og familiar i Sula kommune. På heimesida finn du ei fullstendig oversikt.

Sula kommune har ulike førebyggjande og helsefremjande tilbod til barn, ungdom og føresette.

Her finn du meir informasjon: Lavterskeltilbod for barn og unge

Som gravid har du rett på oppfølging i svangerskapet hos fastlege eller jordmor.

Her finn du meir informasjon om jordmortenesta i Sula kommune og kommunelegekontoret.

Trygg start er eit frivillig og gratis tilbod til familiar som kan ha nytte av tettare oppfølging i svangerskapet, og i spedbarns- og småbarnsperioden.

 

Helsestasjonen (og skulehelsetenesta) har ansvar for førebyggjande og helsefremjande arbeid for barn og unge i alderen 0 – 20 år. Dei jobbar etter lågterskelprinsippet, det vil seie at det skal vere låg terskel for å ta kontakt med oss om det er noko du tenkjer på.

Trygg start er eit frivillig og gratis tilbod til familiar som kan ha nytte av tettare oppfølging i svangerskapet, og i spedbarns- og småbarnsperioden.

Helsestasjonstenesta har også tilbod til ungdom med behov for støttesamtalar i høve til vanskelege tanker og kjensler, eller lettare depresjon og angst.

Les meir om helsestasjonen her.

Ps. Du finn dei  også på facebook.

Helsesjukepleiar i skulen jobbar helsefremjande og førebyggjande, og er tilgjengeleg faste dagar på kvar skule. Tilbodet vil også bli gjeldande for barnehagane.

Døra er open for alle elevar – kom gjerne innom for ein prat!

Helsesjukepleiar har teieplikt. Men, det skjer av og til at teieplikta må settast til side. Dette skjer hvis det er grunn til å tru at eit barn eller ein ungdom blir utsett for vald eller overgrep. Det kan også skje hvis det er alvorlege helseproblem som ein må informere foreldre om. Helsesjukepleiar vil alltid snakke med deg om dette, dersom det blir aktuelt.

Kontaktinformasjon og meir informasjon om skulehelsetenesta finn du her.

På «Helsestasjon for ungdom(HFU) møter du helsepersonell som du kan snakke med om emne som opptek deg.

Den er ope kvar måndag frå 15.30- 17.00

Tilbodet er gratis for ungdom opp til 24 år. Du treng ikkje bestille time.

For meir informasjon og kontaktinfo – sjå her.

Ps. HFU er på snapchat og facebook.

Utekontakten er ei kommunal teneste for ungdom opptil 23 år.

Dei er ei oppsøkjande teneste med hovudvekt på førebyggjande ungdomsarbeid.

For meir informasjon og kontaktinfo  – sjå her.

 

Barnevernstenesta kan hjelpe barn, unge og deira familiar med små og store utfordringar i kvardagen. Det vert jobba med tiltak som kan styrke familien, endringsarbeid inn imot foreldre – og tiltak direkte knytt til barnet eller ungdommen. Dei fleste tiltaka vert drifta av barnevernet, men ein kan også setje i verk tiltak i regi av mellom anna Bufetat sine hjelpetenester.

Les meir om barnevernet i lenka her.

Barnevernet i Sula kommune er bemanna 08.00 – 15.30. Utanom ordinær opningstid må du ta kontakt med «Interkommunal barnevernvakt». Den er bemanna heile døgnet.
Her finn du kontaktinformasjon.

 

Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) kan gi råd og rettleiing til barnehagar, skular, føresette og barn/ungdom/vaksne om nyttige tiltak når barn strever i utviklinga eller har ein vanskeleg opplæringssituasjon.

PPT er kommunen sin sakkunnige instans når det gjeld spesialpedagogiske tiltak for barn, unge og voksne med særlege behov knytt til utvikling og opplæring. PPT skal også hjelpe barnehagen og skulen i arbeidet med kompetanse- og organisasjonsutvikling.

Ungdomslos er også knytt til PPT sitt førebyggjande, pedagogiske og systemiske arbeid.

For meir informasjon om PPT og kontaktinformasjon, sjå  her.

Helsesektoren har ulike tilbod for barn og unge, sjå meir på heimesida til kommunen. 

  • Dersom barnet eller ungdommen har ei fysisk eller psyisk funksjonsnedsetting kan det ha krav på ulik tilrettelegging/støtte i kvardagen. Tiltakskontoret sakshandsamar søknadar.  Meir info om dette finn de her.
  • NAV har ansvar for dei sosiale tenestene i kommunen, og har ulike tiltak og støtteordningar.  Her kan de lese meir om det.

 

 

Kommunen har eit rikt og variert  kultur tilbod til barn og unge.

heimesida finn du ei oversikt over desse.

«Friskus aktivetskalender» gir deg ei oversikt over lag og organisasjonar og planlagde aktivitetar.

Aktivitetstilskot og Kontantkassa – tilskot som er særskilt retta mot barn og unge mellom 6 og 18 år, som av ulike årskaar ikkje får delta i organiserte aktivitetar.