Når barn og unge treng hjelp

Det skal vere trygt og godt å vekse opp i Sula.
Av og til oppstår det likevel utfordringar som gjer at ikkje alle har det så bra. I vår kommune følgjer vi BTI-modellen for å sikre at gravide, barn, unge og familiar får den hjelpa dei treng.

Er du bekymra for eit barn eller ein ungdom? Enten uroa er sterk eller svak – gjer noko med det!

Ved mistanke om vald eller overgrep skal du ta kontakt direkte med Politi 112, barnevernstenesta 99 36 92 78 eller alarmtelefonen for barn og unge 116 111.