Steg: 1
Definer uroa
Når du er uroa for ein gravid, eit barn eller ungdom må du prøve å setje ord på uroa du kjenner – før du tek saka vidare. Dette er ikkje alltid like lett, for signala kan vere både vage, diffuse og vanskelege å tyde.
For barnehage og skule: Ta i bruk appen Neddy notis på ditt nettbrett; definere uro, samtaler med kollega/leiar, føresette eller anna. Notat gir grunnlag for å vurdere vidare oppfølging. Det er berre notat på Nivå O som skal registrerast i Neddy notis. Dokumentasjon på Nivå 1-3 skal ligge i Stafettlogg.
I menyen til høgre finn du BTI-verktøy som skal vere til hjelp når du skal definere uroa di.
NY RETTLEIAR for rusførebyggande arbeid i Sula-skulen er lagt til som verktøy frå august 2024!
Frå s. 14. er det rutine for korleis handtere ulike situasjonar der ein er uroa for rusmiddelbruk.
NY RETTLEIAR ved bekymring for radikalisering og valdeleg ekstremisme er lagt til som verktøy frå mai 2025! Frå s. 13 er det forslag til tiltak og kven ein kan samarbeide med dersom du er bekymra for at ein person er i ein radikaliseringsprosess.