Når barn, ungdom og familiar treng hjelp
Det skal vere trygt og godt å vekse opp i Sula.
Av og til oppstår det likevel vanskar eller behov som gjer at det trengs hjelp, støtte og samarbeid. I vår kommune følgjer vi BTI-rettleiar (handlingsrettleiar) for å sikre at gravide, barn, ungdom og familiar får den hjelpa dei treng.
Er du uroa for eit barn eller ein ungdom? Enten uroa di er sterk eller svak – gjer noko med det!
Ved mistanke om vald eller overgrep skal du ta kontakt direkte med Politi 112, barnevernstenesta 99 36 92 78 eller alarmtelefonen for barn og unge 116 111.
